[ Tilbake ]

Kolle og kalv i Oveskrea

Jakta starta litt dårleg først dagen, det var ikkje dyr å sjå om morgonen men om kvelden fekk vi sjå ein del dyr framme i Supphelledalen. Diverre så kom dei til syne såpass seint på kvelden at vi ikkje tok sjansen på å skyte då dagslyset held på å svinne hen då vi fekk auge på dei. Dermed blei det å lage til middag med dessert og så å ta kvelden, Tidleg neste morgon fekk Asle auge på kolle og kalv borte i Oveskrea. Planene blei lagd, Tormod tok seg over elva og gjekk framover, Asle sette seg med kikkerten i døropningen på selet medan Ove tok seg litt opp mot Strunka for å dirigere Tormod mot dyra. På grunn av høg vegetasjon klarte ikkje Tormod å sjå dyra men Ove og Asle sa til ei kvar tid kvar dyra var og då det hadde gått ei tid kom kalven til syne for Tormod og skotet gjekk, kalven datt omtrent på plassen, kolla sprang ein 20-30 meter framover før ho snudde for å leite etter kalven men Tormod fekk ikkje auge på ho med det same, men igjen så fortalte Asle og Ove kvar kolla var og etter ei tid kom ho ut i det opne slik at Tormod fekk skote ho og. Etter skotet for kolla framover eit stykke og havna inn i eit forferdele bas/vegetasjon, noko som gjorde at det tok sin tid før vi fann igjen kolla.

Årets første kalv gjekk i bakken i Oveskrea

Omsider kom kolla fram og vart viseleg for Tormod og dermed datt den og.