[ Tilbake ]

Kolle på Kløyvingane (og kalv på Berge)

Fullt lag i dag. Vi starta kl 09:30 frå Sogndal og kom inn på Bjåstad ein god halvtime etterpå. Det første vi gjorde var å kikre heile Bjåstadlia og der såg vi i dag rikeleg med dyr. Slagplanen blei lagd; Tormod skulle gå opp Kyraskori, Asle opp til Kløyvingane, Trygve på oversprangen ved fossen og Ove skulle prøve å løyse dyr opp til postane.  Karane hadde sett fire dyr like over og til høgre for Haraleigdi så då Ove var komen opp dit så rekna han med han måtte ha løyst dyra. Det gjekk ei tid så gjekk det skot oppe i terrenget. Det var Asle som hadde fått besøk av fleire dyr, først ei kolle med kalv, så eit par andre dyr som han nett såg hovuda på  og så til slutt ei  kolle som kom åleine. Tormod fekk nærkontakt med ein bukk med då hadde alt Asle skote så bukken fekk gå. Ove fekk og besøk oppe ved badedammane, til han kom det kolle og kalv men desse fekk gå ganske så roleg i retning Fjellstødl på Bjåstad. Det var litt snø i dag så det gjekk ganske så greit å få ned slaktet til veg. Ein flott dag i fjellet! Denne dagen så datt det og ein kalv på Berge men den blei det ikkje teke bilete av.

Kolle på Kløyvingane