[ Tilbake ]

6-taggar i Bjåstadlia
 

Tormod ville prøve seg snikjakt i Bjåstadlia i dag, men først måtte han hjelpe Ove med å få skinnet av spissbukken som han skaut i Supphelledalen i går. Karane tok kvar sin bil og reiste inn omlag klokka halv 10. På vegen inn stoppa dei på Bjåstad for å sjå om dei kunne sjå dyr i Bjåstadlia, her var det lite å sjå. Tormod parkerte bilen sin der og sat på med Ove inn i Supphella.  Vel ferdige med skinninga og etter å ha fått dyret inn i bilen til Ove så blei kursen sett til Bjåstad.der Ove sette av Tormod og sjølv sette kursen mot Sogndal. Det blei eit kaffibesøk for Ove på vegen heim og medan han sat og drakk kaffi ringte telefonen, då hadde Tormod skote ein liten bukk. Tormod hadde sett ein liten bukk då han hadde gått eit godt stykke over granane lengst framme på Bjåstad. Dyret låg så Tormod måtte vente omlag eit kvarter før bukken røyste seg. Dermed gjekk skotet og vi hadde fått dyr nr. 2 denne helga.

6-taggaren i Bjåstadlia