[ Tilbake ]

Bukk i Daurmåla
 

Det blei ein liten bukk i Daurmåla i dag. Ove reiste inn åleine, då han kom inn traff han ein av jegerane til Ivar, han kunne fortelje at dei hadde fått ein 12-taggar i 12-tida så Ove hadde ikkje så store forhåpningar om korkje å sjå dyr eller skyte noko då dei hadde skote dyret ikkje så langt i frå der Ove skulle sitje. Vel, slik gjekk det ikkje då det stunda til sein ettermiddag såg Ove fleire dyr, to av desse kom ut på svådn oppe ved Beitabakken, etter ei tid gjekk det eine dyret inn i sjølve Daurmåla der det byrja å beite. Dyret hadde utruleg god tid og haldet var altfor langt til å skyte. Ove brukte avstandsmålaren flittigt og såg at dyret sakte men sikkert nærma seg han. Då haldet var på 93 meter gjekk skotet og bukken datt rett ned, "datt i skuddet som det populært heiter".

Bukken