[ Tilbake ]

Spissbukk i Brelid
 

I dag starta Tormod og Ove  tidleg, dei køyrde frå Sogndal kl 07:00, stoppa litt på Berge for å sjå om dei såg dyr på Bjårstad. Det gjorde dei men der var det berre koller og kalvar så dei køyrde difor vidare inn til Supphelledalen. Då dei kom inn køyrde dei nett nedom Daurmåla og der stod det ein flott bukk midt på bøen. Ove ut av bilen og inn i bua medan Tormod køyrde ned til Ingvard for å sjå om han kunne sjå dyret derifrå. Dyret trekte diverre litt fram og vart dekka av skogen, dette gjorde at Ove ikkje fekk nokon sjanse på dette dyret. Ove meinte at dyret ikkje var skremt og at det måtte gå an å fylgje dyret framover og at det voneleg ville gå opp i Brelid. Karane inn i bilen og køyrde framover, dei stoppa halvveges framme og der såg dei at bukken lunta framover. No var det å køyre fram i Brelid der Tormod posterte ved store steinen medan Ove køyrde fram på snuplassen for så å gå nedover langs elva på framsida av Keisarhågen. Ikkje såg dei bukken att men då Ove kom opp att til bilen så såg han ein bukk noko opp i Brelid. Tormod sa at han kunne no alltids prøve å luske seg inn og opp i terrenget for å sjå om han fekk bukken. Ove køyrde så bilen nedover til Sigurdløa der han traff jegerane til Ivar, medan han stod der og snakka med dei så smalt det framme i Brelid. Like etterpå ringte Tormod og sa at han hadde skote ein spissbukk og at bukken han skulle prøve seg på hadde trekt vidare opp i lia i Brelid men at då han såg etter den plutseleg såg spissbukken og dermed vart det eit dyr til på oss.

Tormod med spissbukken