[ Tilbake ]

8-taggar som datt oppom Trygveholten
 

Alle stilte i dag, Trygve og Ove gjekk opp på Endrefjellet for å postere medan Asle og Tormod skulle jage Hovdali og framover. På vegen opp såg Trygve og Ove fleire dyr høgt oppe mot Nyastsølseggi. men desse fekk berre vente. Jaget gjekk sin gang men noko dyr kom det ikkje framover. Etter at jagarane var komne fram så vart det ein diskusjon om korvidt ein skulle prøve seg på dyra opp mot Nyastølseggi, Trygve meinte at han var for gamal for slik fjellklatring, frå Tormod kom det tvert nei, Ove slapp å svare og igjen var det då Asle som trakk det kortaste strået og måtte ta turen om det skulle bli eit førsøk på desse dyra. Ove trakk ned Midtstødl og gjekk over elva og opp i terrenget på Storalisia, Tormod fekk kikrejobben og Trygve skulle prøve å sikre dersom dyra tok retninga mot Horpedalen. Asle kom heilt innpå dyra, omlag 20 m over dei men så snudde vinden og dyra tok laust rett nedover mot Besselva, over den og oppover noko til høgre for Trygveholten. Ei kolle med kalv passerte Ove på omlag 120m, desse fekk berre passere då Ove knapt så meir enn hovudet på kalven, ei lita stund etter kom ein bukk han fekk eit skot i seg men trekte oppover i terrenget. Ove følgde etter og kom innpå bukken og fekk avliva denne. 

Omsider komen opp til 8-taggaren

 

Greit å ta bukken slik over elva

 

Bukken klar for siste etappe