[ Tilbake ]

Spissbukk underTrygveholten
 

I dag reiste Tormod og Ove på ettermiddagsjakt på Berge. Tormod gjekk over inntaket til kraftverket og opp der medan Ove gjekk opp på Endrefjellet. Der Tormod hadde tenkt å legge seg låg det alt ei kolle og slappa av. Dermed gjekk det dårleg å få lagt seg der han ville og å skyte kolla der ho låg var umuleg. Ove hadde ein dårleg vind då han kom opp og fann ikkje nokon god eigna plass å legge seg, men ein plass fann han no tilslutt. Då klokka gjekk mot 6 høyrde Ove ein bukk, han såg då at bukken gjekk 150 meter lengre nede, men uten mulegheit for å bevege seg måtte Ove berre sitje som ei statue. Etter kvart gjekk bukken nedover mot Fjellstølen/Gapahupen og no fylgde Ove etter nedover. Ove hadde gitt melding til Tormod om bukken og dermed gjekk Tormod framover mot overspranget. Der såg han bukken og ei fjorkolle kom frå Ove. Tormod skaut bukken og prøvde og å få has på fjorkolla men den hadde hastverk og sprang opp i retning der Ove kom, om dette var den same bukken Ove hadde sett skal vera usagt men begge var spissbukkar. elles såg aldri Ove noko til fjorkolla

Tormod vomma ut dyret åleine og hadde ikkje fotograf tilstades så difor berre bilete av bukken.