[ Tilbake ]

På måneskinnsjakt i Daurmåla, 8-taggar
 

Tid for måneskinnsjakt igjen. Ove reiste inn på laurdag då Yr hadde meldt fint vær den natta. Dette stemte dårleg, det var regn og null måne heilt fram til Ove reiste heim att i 5-tida om morgonen. Søndagskvelden såg været mykje betre ut så då blei det ein ny tur inn. Ove såg ein bukk med ei gong han kom inn men då var månen ikkje komen fram og lyset var altfor dårleg til å skyte. Det var berre å vente på at månen skulle kome fram. Då Ove hadde sete der ein god time kom det endå ein bukk fram på bøen, men fortsatt var lyset for dårleg, denne bukken forsvann att etter ein god time. I 2 tida la den største bukken seg for å drøvtygge, dette tok så lang tid at Ove fann ut han kunne slappe av litt og dermed sovna han sjølvsag. Då Ove vakna igjen etter ein liten halvtime var bukken fordufta. Det var det, tenkte han og belaga seg på å reise heim, men før han reiste ville han ta eit siste overblikk og der såg han forsyne meg at bukken var på veg fram til han igjen. Då var det å lade opp att og setje seg godt til rette att. Ove såg no at bukken kom til å passere han på altfor lang avstand så difor brøla Ove til bukken som svara promte. Den endra retning og gjekk no mot Ove men så stoppa han, Ove brøla på nytt og bukken svarte igjen og kom nærare. Då bukken kom på 100 meters hald gjekk skotet og bukken gjekk i bakken. Dermed blei det dyr på fullmånen i oktober.

Måneskinnsbukken i Daurmåla