[ Tilbake ]

Vaksen bukk på Brehaugane
 

Besøk av Eirik fra Larvik, han hadde aldri vore på hjortejakt og spurde Ove om han ikkje kunne få vere med han på hjortejakt, han ville berre lære og trengte ikkje eigong ha med rifla si sa han. Ok. Eirik kom på tysdag og Ove og han gjekk opp til Brehaugane der dei installerte seg i Hillestads residens ;-) Ove hadde sagt at dyra kom ut frå skogen og ville dra heimover. Ove såg rett som det var opp mot skogen men kunne ikkje sjå noko dyr, så resultatet blei at han sat og fikla med mobilen sin. Då sa Eirik plutseleg: "Det er ei kolle som står helt nede til venstre". Ove tok opp kikkerten og kunne kostatere at det slett ikkje var noko kolle men ein brukbar bukk. Ove sa at vi fekk berre vente å sjå om han kom framover, og etter å ha tatt livet av ei buske nede på kanten i retning Supphellebreen, kom han framover. Han stoppa midt i skyteglenna som Asle hadde hogge og dermed fekk han eit skot i seg. Bukken snudde 90 grader og for no opp ein liten bakken og vart vekke. Då var det å prøve å finne han, noko som gjekk veldig greit. Han hadde lagt seg i ein badedam slik at karane berre såg den eine gevirstanga samt litt av hovudet og noko av magen, det skulle vise seg å bli eit slit å få han opp att frå dammen, men det gjekk det og. Deretter var det å vomme ut og henge bukken opp i eit tre, dagen etter vart bukken transport til tuns.

Flott Brehaugsbukk

 

Opphengt og klar for natta

 

Komen på ATVen og klar for siste transport