[ Tilbake ]

Spissbukk frå Storali
 

Tre mann på jakt denne ettermiddagen. Tormod og Ove rigga seg til på Heimestødl medan Asle, som reiste først inn, gjekk opp på Bjåstadstødl men tykte terrenget der verka veldig daudt så difor følgde han stien opp til Fjellhammaren. Då han kom dit såg han nokre dyr omlag 500 meter lenger mot Midtstødl på Berge men ein del høgre enn Fjellhamaren. No fylgde to timar med spaning og smyging mot dyra som han såg i himmelsynet. og så langt om lenge gjekk det eit skot og ein spissbukken datt som ein sekk.  Tormod og Ove fekk ikkje noko dyr på skothald så dei reiste tomhendte heim igjen då det mørkna. Asle derimot hadde full jobb i mørket med å få dyret nedover, han kom heim seint denne kvelden :) Dagen etter vart Ove med inn for å få dyret heilt ned att til bilveg og heim

Asle med spissbukken

Skråterreng, så ein mann må gå bak for å hindre at han rullar nedover