[ Tilbake ]

Kolle og kalv på Brehaugane
1. september om kvelden
 

Om ettermiddagen ville Asle prøve seg på Brehaugane. Han gjekk fram og installerte seg i gapahuken og venta for å sjå om det kom dyr ut frå granskogen der. Det gjekk både vel og lenge men så kom det ein liten kalv utpå myra, han hoppa og spratt som ein hare og var ikkje stort større heller. Asle skaut og kalven datt, kolla derimot hadde ikkje nokon hast med å kome utpå så først ein 5-10 minuttar etterpå kom ho utpå, dermed datt ho og. Kolla hadde ei normal vekt medan kalven kun var 14 kilo og dermed var det å ringe Anders Skarestad og få han til å godkjenne kalven som skrapdyr.

Asle med kolla og kalven på Brehaugane

 

Er ikkje alltid like enkelt å dyra på plass