[ Tilbake ]

Kalv framom Merkjeshammaren
1. september om ettermiddagen
 

Om føremiddagen hadde vi sett eit einsleg dyr langt oppe i lia framom Merkjeshammaren. Tormod prøvde seg på dette om morgonene men det låg så dårleg til at noko skot kom ikkje på tale. Dei fann difor ut at dei fekk sjå om dyret låg der om ettermiddagen og, og då prøve seg på nytt etter det. Då karane kom innatt om ettermiddagen såg dei at dyret låg der framleis. Tormod gjekk mot lia og fann seg ein høveleg plass å ligge, problemet var at lia var så bratt at Tormod ikkje klarte å sjå kvar dyret låg då det hadde lagt seg i ein dump. Difor blei det til at Ove skulle kikre og gi beskjed om når dyret reiste seg og byrja å bevege seg. Ove lagde då ei melding som kunne sendast med berre eit klikk på mobilen. Etter ei stund såg Ove at dyret reiste seg og byrja å bevege seg framover, Ove trykte på send knappen og så smalt det frå Tormod si rifle. Det vi trudde var eit fjordyr var faktisk ein einsleg kalv, men fin var den 28 kg så tidleg i sesongen må ein vera nøgd med.

Tormod med kalven som vi trudde var eit fjordyr