[ Tilbake ]

Fjorkolle i Daurmåla
1. september om morgonen
 

Ove reiste inn for å overnatte natta til 1. september, der la han seg i Daurmålsgapahuken. Karane hadde avtale om at dei andre skulle kome inn då det vart skytelys, dvs. i 5 tida. Det byrja så smått å lysne litt over 5 og då var Tormod og Asle komne til Berge. Dei ville kikre litt framover i dalen før dei gjekk framover, men litt for klokka halv 6 så kom det 3 dyr gåande ein 90-100 meter frå Ove. Det var kolle og kalv samt eit fjordyr. Ove skaut fjordyret og kontakta dei andre for å seie at no hadde han skote eit dyr. Dermed så vart det ikkje tur i dalen for dei men istaden vart det å hjelpe Ove med dyret.

Ove med årets første dyr, også dette året blei det ei fjorkolle