[ Tilbake ]

Brelidkolle
 

Søndag og flott vintervær. Tormod og Ove ville prøve seg på det attverande bukkeløyve på Bjåstad, karane såg ein passande 8-taggar men den låg så tjørke til at dei ville vente til bukken reiste seg og byrja å beite, i mellomtida føreslo Tormod at dei skulle ta seg ein tur inn i Brelid for å sjå om der var dyr. Der såg karane ein bukk og ei einsleg kolle høgt oppe i lia, denne kolla fann dei ut at dei ville dei prøve seg på.. Tormod kom seg i posisjon og skotet gjekk, dermed var det å kome seg heilt opp for å hente ned dyret. Dette var lettare sagt enn gjort, karane held på i nærare ein og ein halvtime utan å finne det. Tormod førslo då at Ove skulle gå ned att for å sjå kvar dyret låg og så dirigere Tormod mot det. Ove fann rimeleg fort att plassen der dyret låg, men fekk ikkje auge på Tormod. Etter ei tid leiting med kikkerten så fekk Ove auge på Tormod og fekk geleide han mot dyret. Dyret var enkelt å få ned då det var mykje snø og terrenget er veldig bratt.. Bjåstadbukken vi eigentleg skulle prøve oss på, får vi prøve på seinare ei gong.

Brelidkolle