[ Tilbake ]

Kolle og kalv på Brehaugane
 

I dag , (søndag) hadde Asle med seg begge gutane på jakt. Dei gjekk fram og sette seg inn i gapahuken på Brehaugane og venta for å sjå om det kom dyr trekkande heimover gjennom granfeltet som er der. Dei hadde vore i gapahuken i ein god time då det byrja å skymast og heilt i slutten av tida med skytelys kom det kolle, kalv og bukk ut av skogen. Faktisk så hadde Emil alt gått ut gapahuken og Asle skulle til å pakke saman då dyra kom, Asle skaut kalven og kolla, kolla sprang nokre meter, og så sa Noah: "Dar datt ho!". Vi hadde ikkje att bukkeløyve så den lever fortsatt i beste velgåande.

Då Ove snakka med Asle etterpå så meinte gutane at dei hadde sett dyra før faren, om dette stemmer eller ei, skal vera usagt

Kollefall på Brehaugane

ATVtransport av kolla og kalven ned frå Brehaugane