[ Tilbake ]

Kalv i Hovdali
 

Det viste seg at kolla vi skaut den 26. hadde kalv så etter den tid har vi hatt fleire rundar for å sjå etter denne. Sist fredag reiste Asle og Ove på nytt inn for å prøve å sjå etter denne. Det blei eit tradisjonelt jag der Ove starta omtrent ved tunnelltaket på Berge medan Asle gjekk opp og sette seg opp mot Hovden. Det var 5 cm nysnø og absolutt ingen spor i det heile tatt. Då Ove kom opp til Asle bestemte Asle seg for å gå opp på sjølve Hovden for å sjå etter spor medan Ove ville gå frametter Hovdali. Ove tok seg ein god del ned før han starta å gå framover mot Midtstødl. Han hadde ikkje gått meir enn ein 2-3 hundre meter då han plutseleg såg eit kalvehovud rett framom seg. Ove skaut og kalven datt, dermed var søket etter kalven slutt.

Kalven vi hadde vore på jakt etter i 14 dagar

Trengte vel strengt tatt ikkje ATV for å ta ned ein kalv på 15 kg.