[ Tilbake ]

Kolle oppimot Endrefjellet
 

I dag skulle vi prøve å finne kalven til kolla som blei skoten på torsdag hadde. Sverre og Trygve skulle reise opp til Endre for å poste medan Asle og Ove skulle jage Hovdali mot dei. Trygve og Sverre reiste avgarde ein god time før Asle og Ove skulle dra innover. Då Asle og Ove hadde pakka riflene og sekkene og var klar til å reise, så fekk dei SMS frå Trygve om at Sverre hadde skote eit dyr og at vi ikkje trengte å ha rifler med. Dermed var det for Ove og Asle å kome seg opp på Endre for å hjelpe til med å få slaktet heim. Turen ned frå Endre til Midtstødl og vidare ned til Berge gjekk særs bra og deretter var det å køyre slaktet til Supphelledalen for skinning før vi tok det med heim. Kalven som vi var ute etter får vi prøve å ta litt seinare.

Kollefall på Endre (illustrasjon)