[ Tilbake ]

Storbukken oppmot Fjellhammaren
 

Tormod og Ove ville prøve seg på Berge denne laurdagen, dei reiste i halv tolv tida frå Sogndal. Framme på Berge sa Tormod at han ville fram på Hestaplanet for å sjå om han kunne spotte dyr frå Fonnteigen og framover, Ove sa han ville prøve seg oppover mot Fjellhammaren og slik blei det.
Ingen av karane såg noko som helst i starten, men då det hadde gått eit par timar så fekk Tormod auge på bukk og kolle noko heimom Trygveholten. Desse ville han prøve seg på. Ove vart sitjande i godt to timar over eit kraftig hjortetråkk eit stykke nedom Fjellhammaren. Tormod kom seg over elva ved Midtstødl, men vinden var umuleg og antakeleg så blei dyra vindstøkte. Ove jakta seg no nedover i terrenget og då han var komen 150m frå Nyestolen så såg han noko brunt 50-60 meter under seg. Deretter såg han at det var ein bukk som held på å kviste to små graner. Ove kom seg i skjul bak eit tre og venta på at bukken skulle kome fram i det opne. Det gjekk ein 5-6 minuttar før han kom fram slik at Ove fekk sett heile dyret og dermed smalt det. Dyret sprang mot ein bekk ein 15-20 meter i retning Bjåstad men den kom aldri opp igjen på andre sida av grova. Då var det å gå fram og der låg bukken midt i bekken

Ove med bukken plassert i grova

Tormod klargjer for oppvinsjing av hjorten opp frå grova