[ Tilbake ]
Ein bukk blei årets første på Berge
Asle og Ove ville prøve dagjakt og reiste frå Sogndal relativt tidleg, Ove gjekk opp til Nyestolen medan Asle tok seg høgre opp. Bukkane brøla både her og der og det skulle ikkje ta så lang tid før Ove såg noko brunt som lea seg eit stykke oppom. Like etter kom storbukken brølande, bukken stoppa og brølte i det heilt opne ned mot Ove. Så gjekk han framover, men ei lita tid etter kom det brune, som var ei kolle, og bukken ned att, no var bukken heilt i røva på kolla. Begge stoppa igjen i det opne mot Ove, men i dag hadde bukken flaks, Ove hadde bestemt seg for at denne skulle få leve. Tida gjekk og litt etter klokka halv 7 sa Ove at no ville han byrje å gå nedover att, men Asle ville gjerne prøve 5 minutt til. Vel Ove starta nedturen og hadde ikkje gått meir enn eit par hundre meter så smalt det oppe hjå Asle og bukken datt rett ned. No var det for Ove å kome seg opp til Asle, det blei heilt mørkt raskt og Ove fekk problem med å orientere seg og brukte uhorveleg lang tid før han kom opp til Asle. No var det å vomme ut og henge opp dyret. Dette gjekk veldig greit, noko ein ikkje kan seie om turen ned att. Asle si lommelykt var omtrent utlada og Ove si gjekk i sparemodus, vel uansett dei kom seg velberga ned. Dagen etter gjekk Trygve og Asle opp å henta dyret. Deretter reiste Trygve og Ove inn i Supphella og skinna, delte dyret og tok det med heim. |
|
Asle med årets første på Berge |
|
Trygve avdukar bukken dagen etter |