[ Tilbake ]

Vaksen bukk i Daurmåla
 

Måneskinn og Ove ville prøve seg på nattjakt. Det var ingen dyr å sjå fram til kl 23:00, men klokka 23:15 høyrde Ove ein bukk litt heimom seg, denne kom over merkjesgjerdet og inn omlag 100 m frå Ove. Framleis så var ikkje månen komen heilt fram så Ove fann det utilrådeleg å skyte. Bukken brøla heile tida og kom etter kvart nærare, no var bukken 70m frå han, men stod veldig skrått til så Ove fekk berre vente litt til for å sjå om bukken kom i betre posisjon. Det gjorde den, den vandra brølande litt framover og stoppa rett framfor Ove, med breisida til i ein avstand av 69 m., der fortsette han med brølinga. Han fekk ikkje fullført sitt siste brøl, det var stoppa midt i då Ove skaut. Ove gjekk no mot skotplassen men klarte ikkje å finne bukken, etter å ha leita i ein liten halvtime så ringte han til Stig og fekk han til å kome med thermokamera. Til slutt så såg Ove i kikkerten eit dyr 150-200m frå skotplassen og karane gjekk mot det. Då vi hadde att 50m til dyret sa Stig, "Dette dyret er nå i livet og det trekker unna", men sa han, "ditt ligg daudt rett framom". Der låg dyret i skogkanten og alt var såre vel, der er nærast ufatteleg at eit dyr kan springe så langt med eit skot inn gjennom eine bogen, kraste lunger og ut gjennom den andre bogen.. No vart å ringe til Trond for å få han til å kome med pickupen, vi klarte med nød og neppe å få bukken oppi karmen og så vart det transport til "slaktehuset". Trond hjelpte Ove med å slakte og takk for det, det hadde ikkje vore nokon stas for Ove å måtte slakte denne bukken åleine.

Flott bukk på godt over 100 kg., den som ligg framme:)

Trond, the butcher :) med bukken som helst var litt feit