[ Tilbake ]

Spissbukkar i Beitabakken
 

Tormod og Ove hadde litt trua på å få dyr i dag, difor avgarde til Supphelledalen på¨ettermiddagen. Då vi kom inn hadde Stig lokalisert 3 dyr, derav ein stor bukk som stod ein del høgre enn dei to andre dyra. Karane sette seg ut og no fekk vi rapport på rapport om at Stig og Randi såg fleire og fleire dyr. Til slutt kom talet opp i 7. Tormod la seg fremst i Beitabakken medan Ove sette seg i Daurmåla. Dyra byrje å flytte på seg, dei kom lenger og lenger ned, men ingen av oss to såg meir enn ein kalv og ein stor bukk. Så klokka 19:40 gjekk det eit skot framme hjå Tormod, så blei det heilt stilt. 4-5 minuttar etterpå gjekk det nok eit skot, var det no eit eller to dyr som låg? Ove kalla Tormod opp etter nokre minuttar, då fortalte Tormod at han hadde fått ein spissbukk på første skotet og trudde at det var det, men 4-5 minuttar etterpå kom det nok ein spissbukk som tydleg var på alerten, Tormod plystra, bukken stoppa, og Tormod skaut og spissbukken datt. Dermed var det to dyr i kveld. Det tok sin tid før vi kunne ta kvelden kan du seie!.

Flotte spissbukkar