[ Tilbake ]

Morlaus kalv ved Vetleløa
 

Etter på fredag å ha konstatert at kolla Ove skaut hadde kalv, vart alt sett inn på å finne å skyte denne kalven. På laurdag reiste Asle inn og sette seg i Daurmåla, medan han sat der observert Randi kalven heilt nede ved skogen ved Vetleløa. Asle kom då bort til Vetleløa men no hadde det byrja å mørkne så han måtte gi opp. Neste dag, i 13:00 tida, kom Ove inn. Han sette seg i Vetleløa men såg ingen kalv, han flytta seg difor bort i Daurmåla, ikkje før hadde han kome dit så ringte Pekka og sa at Randi hadde sett kalven på same plass som dagen før. Dermed var det for Ove å kome seg bort att i Vetleløna, han gjekk inn og såg dyret stod nede ved skogen. Ove skaut og dyret datt tvert ned, men rett nok måtte han gi det eit avlivingsskot då han kom bort til det, men kalven var i boks. Det var ein letta Ove som no kunne slakte kalven å så reise heim til middag.

Det gjorde godt å få denne kalven, det er ikkje noko karstykke å late ein slik gå att åleine