[ Tilbake ]

Kolle i Daurmåla
 

Alle mann på jakt på fredag, Trygve fram i Svartøyskreene, Tormod over Strunka, Asle på Brehaugane og Ove i Daurmåla. Vi såg bra med dyr alt i alt, 13 stk., men dei aller fleste stod veldig høgt. Ut på kveldinga såg Ove to dyr av same storleik kome ned i Beitabakkområdet, i tillegg til desse kom det innpå kolle og kalv nede ved Merkjesgjerdet..  Ove skaut den eine av dei to som kom frå Daurmåla/Beitabakken. Det andre dyret blei ståande å sjå på det som datt, kolla og kalven forsvann nedover mot Øygardsøyane. Etter å ha forsikra seg om at dyret låg urørleg gjekk Ove mot den skotne kolla. Då Ove gjekk mot kolla såg han at det var komne innpå 2 nye dyr, så no stod det tre dyr og såg på den daude kolla. Ove fortsatte å gå, dette medan dei tre dyra fortsatt stod der, då det var att ca 30 fram til dei fann han ut at han berre fekk legge seg ned å skyte eit til. Ove la seg ned og sikta på det dyret som såg minst ut, trekt av og klikk sa det berre og  dermed var dyra over alle haugar. Ove sjekka for sikkerheits skuld juret til kolla og der var det diverre godt med mjølk, altså hadde ho likevel kalv.

Gløymde heilt å ta bilete når det var nyskote så det får bli med eit slaktebilete