[ Tilbake ]

Spissbukk i retning Storali
 

Då karane kom inn om morgonen såg dei nokre dyr nesten oppe i synsranda samt eit einsleg dyr noko lengre nede. Desse måtte dei berre prøve seg på. Å kome seg på plass tek tid før dei som skal poste, i mellomtida tok Ove seg ein tur ned på Bjåstad, der såg han 5 dyr litt innom ein granskog oppe i lia eit stykke utom husa. Dermed bestemte Ove seg for å gå lenger utover for å sjå om han fekk desse dyra til å gå i retning mot postarane. Då postarane var på plass starta Ove jaget ved å ta seg utover for så å ta seg opp ved den før omtala granskogen. Dyra var sjølvsagt blåst då Ove kom dit, men han såg at nokre av dyra hadde reist i rett retning. Ikkje lenge etter at granskogen var passert kom Asle innpå og sa at Tormod hadde skote ein spissbukk. Dermed så vart det Tormod som starta kalaset denne dagen.  Tormod posterte for seg sjølv, eit godt stykke frå der Asle posterte og der Ove jaga, så noko hjelp til å ta bilete fekk han ikkje, så difor berre bilete av spissbukken denne gangen.  Tormod hadde det så travelt denne dagen at å vente på oss var uaktuelt, derimot måtte Asle skaffe ekstraskyss til han heim til Sogndal.