[ Tilbake ]

Ekte hat-trick

Dette blir fortsetjinga på historien frå forrige dyr og kva som så hendte vidare.

Etter at Tormod hadde fått spissbukken sin vart det ein god del klatring og banning på Ove men han kom seg til slutt opp på ei legd og like etterpå kom Asle innpå og sa at også han hadde skote ein spissbukk. Det kom 5 dyr på han, ikkje usannsynleg at det var desse dyra Ove prøvde å få til å gå i rett retning. No starta Asle å prate, Ove sa då at det kanskje kunne kome fleire dyr og at han kanskje kunne tige litt stilt. Litt motvillig slutta Asle å prate og så kom det ein ny flokk på 5-6 dyr til han, dermed fekk Asle seg første bukken. Til slutt kom det endå ein bukk, Asle spurde då Ove om han skulle skyte denne og, Ove var ikkje så sikker på det men då Asle igjen kom innpå og sa at no stod bukken heilt perfekt med breisida mot han så sa Ove "Ok skyt",  i same sekund gjekk skotet og Asle hadde fått oppleve å få skyte tre dyr i løpet av kort tid. Ei garantert ultimat oppleving!

Asle med hat-trick
(dårleg bilete?Å ja og det skuldast mobilen til han som i dag fekk hat-trick)