[ Tilbake ]

Fjorkolle med kalvevekt på Kløyvingane?

Asle gjekk først på sin faste post på Kløvinga, medan Tormod venta og høyrde på ein bukk som bura i Storali. Dreiv på heile dagen. Vart vanleg jag opp Bjåstad-lia via Kyraskor og opp på Kløvinga. Forholdsvis liten aktivitet, og ingenting kom opp. Så vart det postering på Tormod medan Asle gjekk ein runde høgt og nedatt om Merkesgrovi. Prøvde seg med litt buring og fekk straks svar nedi lia. Fekk løyst to fjorkoller der det ein sprang innover lågt, det andre for opp. Det synte seg at ho hadde stoppa i skogkanten og Asle løyste ho på nytt rett mot posten. Det vart siste turen. Felt på 60-70 meter. Mykje vind, men fin temp. Vekta på kalven eller fjorkolla var 38 kg., så enten var dette ein stor kalv eller eit skrapdyr, dette blei diverre ikkje sjekka før vi parterte og hadde det i sekkene.

Tormod og dyret på toppen av Kløyvingane

Og junior må som vanleg slite ☺