[ Tilbake ]

Liten bukk i Oveskrea

Alle fire i jaktlaget inn i Supphelledalen i dag. Tormod posterte nede ved Vaothamrao, Ove på Brehaugane, Trygve framme ved Idlebakkane og Asle over hytta på Fjellstødl. Asle såg snart ein bukk heilt oppe mot fjellfoten over Oveskrea. Det blei ein diskusjon om korleis ein skulle vi få teke dette dyret, slik det stod og beita så ville det kunne bli vanskeleg å få det. Ove bad difor Tormod kom oppover slik at han kunne prøve seg på det. Dette blei litt strevsamt for Tormod då det etter kvart var byrja å skymast og han hadde ein langt veg å gå/springe før han var i posisjon. Vel Tormod klarte å kome seg opp i skrea, samtidig hadde bukken byrja å beite seg nedover mot der Tormod var på veg opp. Asle dirigerte heile tida Tormod og då dyret ville forsere ei lita elv, kom Asle igjen innpå og sa: "No må du jaggu gjera deg klar for no kjem han til deg". Det gjorde han og Tormod skaut på ca 60 meters hald. Tormod vomma så ut dyret og let det ligge slik at vi henta det dagen etter.

 

Middagen i dag bestod av "mørbrand" og ytrefilet, til dette hadde vi steikte kantarellar, steikt løk, steikte tomater, kvitlauksmør, peparsaus og poteter i båtar og til fylgje var det noko som kom i frå Piemonte :)

Oveskreabukken til Tormod