[ Tilbake ]

Bukk i Beitabakken

Ove hadde vore ein resultatlaus tur inne i Supphelledalen om morgonen, då han skulle til å reise heim såg han to små bukkar under hamralaget over Beitabakken. Han innsåg at åleine kunne dette bli ei umuleg oppgåve så han kontakta resten av jaktlaget slik at alle reiste inn om ettermiddagen for å sjå om bukkane framleis var der. Randi hadde sett dei så seint som kl halv 2 om dagen så håpet om at dei framleis var der var høvedsvis stort. Ove kikra frå tunet til Pekka og ein liten halvtime før det blei for mørkt såg han at den eine bukken reiste seg omlag der Randi hadde sett dei sist. Dette var ein litt større bukk (6/8-taggar) og Tormod skulle akkurat til å skyte han så oppdaga Ove bukk nr. 2, endå ein bukk og denne ville kome nærare Tormod, Ove gav melding på VHFen i siste liten og Tormod skifta då fokus og ville prøve seg på denne i staden. Denne beita seg nedover mot Tormod og Tormod skaut han på godt 100 meter. Dette var i grevens tid, då vi andre skulle opp til han for å hjelpe til med dyret var det alt byrja å mørkne slik at slaktinga føregjekk ved hjelp av hovudlykter.

Tormod med bukken.