[ Tilbake ]

Kolle og kalv opp mot Hovden

I dag skulle vi ta det vi kalla sjøjaget, det går ut på at to mann startar heilt nede ved sjøen under Berge og prøver å løyse dyr der, planen er så vidare at dyra då skal springe i retning Fjærland for så å ta seg opp mot Hovden. Eit stykke over tunnelltaket posterar så ein mann. Vidare blir ein mann sendt i bil over på andre sida for å kikre og fortelje kvar eventuelle dyr tek vegen. Dette gjorde vi i dag og og alt gjekk etter planen, noko som aldeles ikkje alltid skjer. Ove var kikrar medan Tormod og Asle  jaga og Trygve posterte. Jagarane var ikkje for vel komne i gang då Ove oppdaga at nokre dyr sprang innover. Ove gav beskjed om dyra og så var det for Trygve å vente for å sjå om dyra kom til han. Eit kvarter etter at Ove såg dyra smalt det først eit skot hjå Trygve og ei lita stund etter eit til. Dermed hadde Trygve fått kolle og kalv. Ein særdeles vellukka jaktdag!

Trygve med dagens kolle og kalv

Junior dreg kolla åleine slik at han slepp å trimme etter jakta i dag