[ Tilbake ]

Fjorkolle i Daurmåla

Det blei ein tur inn i Supphelledalen åleine på Ove i kveld. Klokka 19:40 såg Ove eit dyr som beita ein ca 140 meter frå der han sat. Ove skaut, kolla bråsnudde og forsvann inn i skogen. Ove gjekk nokre få meter inn i baset men han innsåg snart at her trengte han hjelp for å finne dyret. Han ringte difor ettersøkslaget og fekk dei til å sende inn ein ettersøksekvipasje, desse kom inn i dalen litt over 21, dei starta så søket inn i skogen og etter å ha gått ca 20 meter frå skotplassen fann bikkja kolla. Fjorkolla hadde lagt seg under ei rotvelte som låg i ein 45° vinkel, der basis var mot der ho hadde sprunge inn noko som gjorde at det omtrent var umuleg å finne ho utan hund, ho låg faktisk der Ove hadde gitt seg å leite. Legg ved eit bilete som viser korleis ho låg under rotvelta

Fjorkolla etter at dei hadde drege ho ut på opa mark

Slik låg ho, det er utruleg korles dei kan finne skjul sjølv om dei i realiteten er dauskotne