[ Tilbake ]

Spissbukk ved Vetleløa

Omtrent fullmåne, då er det ikkje feil å prøve nattjakt. Ivarfabro var heime og ville og prøve å jakte, så då blei det til at Ove posterte i Vetleløa medan Ivar posterte i Daurmåla.  Karane gjekk på post i 21-tida og venta. Været veksla mellom tildels mykje snøing med påfylgjande dårleg sikt, og lite snøing og god sikt. Klokka var nær halv 12 då Ove såg eit dyr kome ned frå Haugen og over vegen, og då dyret akkurat kom inn på marka så skaut han. Dyret sprang ein vel 60 meter før det la seg ned. Etter dette var det å få tak i Pekka med traktor og så vomme ut dyret før det blei heimreis. Ivarfabro såg diverre ikkje eit einaste dyr i Daurmåla denne kvelden/natta. Totalt sett såg dei eit dyr og det blei skote, så ein kan ikkje seie det er mykje dyr i Supphelledalen for tida