[ Tilbake ]

Fjorkoller på Hovden

Trygve, Tormod og Ove reiste  på jakt kl 10, dei hadde ikkje heilt bestemt for kor dei skulle jakte men valet stod mellom Bjåstad og Berge. Først blei Bjåstadlia kikra, her såg dei kolle og kalv men bestemte seg likevel for å jakte Hovdali på Berge.

 

Tormod gjekk opp til Endrefjellet medan Trygve posterte omtrent oppå Hovden , då dei var på plass starta Ove jaget nede ved Bergstunnellen. Det var fritt for far opp til og med dei øverste granane, Ove fann då ut han ville ta seg innover eit stykke mot Fjærland og etter nye 10 minuttar såg han kolle og kalv ca 140-150 over seg, desse gjekk i retning Trygve, Ove gav då melding om dyra og at han måtte vera obs på dei. Etter nye 10 minuttar gjekk det to skot, Ove trudde då at kolla og kalven datt men så var ikkje tilfelle, det hadde kome 5-6 dyr til Trygve, stor bukk, tre kolledyr og ein kalv. Han fekk summa seg og skaut to fjorkoller medan kolla, kalven og bukken forsvann rett nedover mot Heimastødl. Tormod hadde i mellomtida gått ned til granane ved Midtstødl, planen var at Trygve og Ove, etter at Ove var komen fram til Trygve, skulle gå mot Tormod, men med to dyr å ta seg av vart dette avlyst. Konklusjon; ein knalldag på jakt :)