[ Tilbake ]

Måneskinnsbukken i Daurmåla

Ove hadde prøvd seg på måneskinnsjakt i fleire netter ved denne fullmånen, dyr hadde han sett, men noko hjortefall hadde det ikkje blitt så langt. Så i staden for at Ove skulle få seg føreskrive lykkepillar sa Tormod at han kunne bli med denne kvelden. Dette på trass av at han skulle på jobb dagen etter og det faktum at denne karen treng umåteleg mykje søvn for å fungere ;)

Dei kom seint inn denne kvelden då dei begge hadde vore på eit møte, men vel inne køyrde Ove Tormod bort til bua i Daurmåla medan Ove installerte seg i Vetleløa. Det gjekk ikkje så lang tid før Tormod såg ein bukk kome heimover mot seg, men bukken held seg til skogkanten så Tormod prøvde å brøle forsiktig til han men bukken responderte ikkje på dette og forsvann vidare heimover. Ei stund etterpå såg Ove eit dyr, enten ein spissbukk eller ei fjorkolle, kome langs skogkanten ved elvabråtet til Tverrdøla gåande i retning mot elva. Denne var det uråd for han å prøve seg på så han gav melding til Tormod om at det kanskje kunne kome eit lite dyr til han om ei stund, dette dyret skulle aldri Tormod sjå noko til. Så klokka 1/2 2 såg Tormod at det kom nok ein bukk heimover mot han, men også dette gjekk heilt inne mot skogkanten. Tormod prøvde seg på nytt med eit forsiktig brøl, stoppa bukken eit øyeblikk men fortsette så vidare heimover, Tormod prøvde eit nytt brøl, bukken stoppa på nytt, men også denne gangen fortsett han berre vidare heimover. Då dyret var komen omtrent til nabogrensa prøvde Tormod for 3. gang å brøle på han og no stoppa han, snudde og kom oppover mot Tormod att og dermed datt bukken på 74 meter.

Tormod og måneskinnsbukken i Daurmåla