[ Tilbake ]

Bukken på Endrefjellet

Heile jaktlaget samla i dag og. På grunn av klatringa på Bjåstad på laurdag hadde ikkje Ove lyst til å jage denne dagen, han fekk difor, saman med Tormod, tildelt postplassar på Endrefjellet. Det var avtala at Ove skulle sitje i starten av platået medan Tormod skulle sitje noko lengre inne og oppe mot Skredfjellet. Asle skulle jage høgt frå Hovden og framover, medan Trygve skulle jage midtlies. Asle løyste ein bukk oppe på Hovden, denne sprang rett ned men han meinte at den kanskje sprang framover og gav difor beskjed til dei som posta at det kunne kome ein bukk mot dei. Trygve og Asle starta sjå jaget framover mot Ove og Tormod og etter omlag ein time såg Ove i sidesynet at det kom ein bukk mot han. Ove venta til bukken var rett framfor han før han skaut, bukken gjorde nokre dansesteg før han kasta seg rundt og havna i myra med eine geviret tredd godt ned i myra, dermed var første bukken vår for i år felt

Ove og bukken på Endrefjellet