[ Tilbake ]

To spissbukkar 13. desember

Alle fire på jakt i dag, dermed kunne ein av oss få i oppgåve å kikre, denne fekk Ove tildelt. Trygve og Tormod gjekk opp over tunnelen på Berge/Bjåstad medan Asle (med hund) gjekk utover fjorden frå Bjåstad. Planen var at Asle skulle løyse dyr mot Trygve og Tormod, men slik skulle det ikkje gå. Då Trygve var komen på plass og Tormod gjekk opp i granane såg Ove plutseleg ein stor bukk i full fart i retning Asle, sist Ove såg denne forsvant han inn i granane rett over Bjåstad. Ei lita stund etter kom det kolle og kalv luntande frå Trygve eller Tormod, desse forsvant også i retning Bjåstad. Då kom Tormod innpå og sa at me nok skulle ha valt ein anna strategi i dag og at han no ikkje visste kva han skulle gjera. Ikkje før hadde han sagt dette så såg Ove eit dyr i same høgd som Tormod, Tormod gjekk mot dyret og så smalt det. Ove sa at no skaut Trygve eit dyr men me fortset. "Det var meg", sa Tormod, og så spurte han: "Ligg dyret?". "Nei", svarte Ove, "Det står fortsatt og ser i di retning". "Då får eg gi det eit til", sa han og så smalt det på nytt. "Ligg det no?", spurte Tormod. "Nei, det står fortsatt og no ser det mot meg" sa Ove. Då kom Trygve innpå og sa: "Det må vera to forskjellige dyr". Dermed blei det stilt frå Tormod, etter ei stund ser Ove at Tormod nærmar seg dyret han såg og så smalt det på nytt, og NO datt dyret Ove hadde sett på og dermed hadde Tormod også fått dyr i år, ikkje berre eit men to spissbukkar

To spissbukkar som blei skotne omtrent samtidig