[ Tilbake ]

Hovdalibukken 23. november

Etter å ha prøvd oss på Bjåstad både på onsdag og laurdag denne veka utan resultat, var turen komen for å prøve seg på Berge att. Denne gangen hadde vi og med oss ein tysk jakterrier. Trygve og Ove posterte i stien opp mot Hovden medan Asle skulle sleppe hunden nede ved granane like over riksvegen. Då Trygve og Ove var komne på plass sleppte Asle hunden. Det skulle berre ta nokre fåe minuttar for bikkja hadde hjort i nasen og etter omlag eit kvarter smalt det oppe hjå Trygve, ein fin bukk datt og vi hadde fått det åttande dyret denne sesongen. Omsider skulle det lukkast å felle eit dyr att, dette var på høg tid då det no var over ein månad sidan vi felte det forrige. Kanskje klarer vi eit par til før sesongen er slutt?

Trygve med bukken sin