[ Tilbake ]

Siste kolledyret i Supphella for i år. 

Ove kom inn i Supphella i 19-tida for å prøve seg på måneskinnsjakt. Då han vel var komen på plass såg han eit kolledyr høgt oppe framom Merkjeshammaren. Dette trekte etter ei tid heimover og vart borte for han. Etter å ha site på post i nokre timar vart han vâr nokre rørsler i skogkanten, han meinte han kunne skimte 2 dyr men sikker var han ikkje. Månen kom seint, først kl 02:30 kunne han sjå godt. Like etter at månen kom såg han 2 koller, ei ungkolle og to kalvar, alle stod dei å beita i skogkanten, noko som gjorde at det var uråd å skyte på desse, haldet var dessutan for langt. Omlag kl 4 forsvant alle dyra og det var berre å vente. Klokka lei til halv 7 då Ove tenkte på å avslutte, men brått kom det ei einsleg ungkolle ruslande og dermed blei det utvomming og slakting i staden for heimreis

Årets siste kolledyr i Supphella, frå no av er det berre bukkar og kalvar som kan skytast