[ Tilbake ]

Årets første på Berge 

Trygve ringte Ove og sa han ville ta seg ein tur opp på Endrefjellet for å ta opp teltet sitt for å få dette på plass til overnatting i samband med jakta. "Eg tek med rifla" sa han. Tormod og Ove reiste på Fjellstødl i Supphelledalen og hadde fylgjeleg ikkje kontakt med Trygve via mobil eller på VHF denne kvelden. Klokka 22:34 tikka det inn ein melding frå Trygve og der stod det: "Mykje vind på Endre i kveld. Såg lenge på eit dyr borti der som Asle gjekk i fjor. men dette ville ikkje ned. Så kom det ei passande fjorkolle og den datt".  Fjorkolla var flott og det første dyret i år som vi har skote og som ikkje var skrapdyr (45 kg), denne var nærare 49 kg. Dagen etter reiste Asle og Trond Fritzon opp å henta dyret, så då Tormod og Ove returnerte frå Supphelledalen etter overnatting var dyret allereie komen i garasjen til Asle..

Skyte kan han men fotograf....