[ Tilbake ]

Stor er du ikkje, men spissbukk er du likevel 

Etter at vi var ferdig med å slakte årets første fjorkolle, reiste vi heimatt, nokre av oss for å sove medan ein måtte undevise elevar, så vart det innatt om ettermiddagen, med omtrent same posteringar som om morgonen. Vi såg ein del dyr men desse var det komplett umuleg å kome innpå, så difor var det berre å vente og håpe på at dei kom til å forflytte seg i løpet av kvelden. I halv 9 tida meldte Asle på VHFen at han såg 3 dyr, kolle, fjorkolle og kalv, vi fann ut at det hadde vore høveleg å ta fjorkolla og dermed gjekk den i bakken. Men stor var undringa for Asle då han kom fram til dyret, det hadde no skifta kjønn og hadde blitt ein liten spissbukk! Ikkje så rart at han tok feil då spissbukken hadde taggar på ein 6-7 cm. Dette var også eit lite dyr, det vog berre 44 kg., men fortsatt; dyr er dyr ;)

Asle med sesongens sin første spissbukk.