[ Tilbake ]

 Ei lita fjorkolle vart årets første dyr

Nok ein ny sesong er i gang, ventetida er over!! Karane, som ikkje likar å stå spesielt tidleg opp, hadde avreise frå Sogndal kl 04:30 første dagen. Me posterte oss ut på Neset, Vetleløa og Beitabakken. Ove såg kolle og kalv med ei gong han kom inn, medan dei andre tre såg ei fjorkolle ved Sigurdløa då dei køyrde Tormod fram til Heimastødl der han skulle gå heimover til Daurmåla. På morgonkvisten gjekk Ove opp til Pekka og Asbjørg for å kikre derifrå og etter ei lita stund kom også dei tre andre dit og. Ingen hadde sett dyr så me stod no der og prata, så plutseleg oppdaga Asle dyr på veg heimover frå Daurmåla. No blei det action, to mann kasta seg i bilen og køyrde ned til Ingvard og sprang bort i Øyadn. Etter å ha vente ei god stund så Asle tre dyr i Knutskrea, det blei å vente då holdet var for langt, men etter ei stund kom eit fjordyr gåande beitande oppover mot Asle og dermed smalt det frå rifla hass og me hadde fått dyr nr. 1 denne sesongen. Fjorkolla var lita, bikka nett over 40 kg, men dyr er dyr :)

Første dyret i år.