[ Tilbake ]

Bjåstadkalv 7 desember

Ny helg og nye mulegheiter! I dag starta vi med å sjekke lia over Bjåstad, vi såg ingenting frå utkiksplassen på Berge så difor køyrde vi ut til Distad får å sjå om vi kunne finne dyr frå Bjåstad og utover mot Merkjesskrea. Ingenting å sjå derifrå heller så då bestemte vi oss for å ta eit sjøjag inne frå Ramsegrovskrea (kanskje ikkje rett namn) og utover til Berge. Trygve og Ove posterte over tunnelltaket på Berge, medan Asle og Tormod gjekk innover langs fjorden for så å jage mot dei over tunnelltaket. Dette var resultatlaust. No blei det finstudering av Bjåstadlia på nytt og denne gangen såg vi kolle og kalv opp i retning Kyraskåri. Tormod og Ove gjekk no opp mot overspranga i retning Bjåstadstølen medan Asle tok seg opp nede ved granane ved husa på Bjåstad, dette medan Trygve skulle kikre frå utsiktsplassen på Berge. Planen no var at Asle skulle prøve å kome på skothald av dyra og dersom dette ikkje gjekk, prøve å få dyra framover mot Tormod og Ove. Kolla og kalven byrja å beite igjen då Asle var komen noko over dyra. Han hadde problem med å få sett dyra skikkeleg men til slutt fekk han ein opning og skaut kalven. No for kolla framover mot Tormod og Ove men stansa før ho var komen fram. Dermed blei det ein flott kalv og så får vi sjå om vi klarar å få kolla seinare.

Asle med bukkekalven