[ Tilbake ]

Bukken frå Drepandeskrea 8 november

Då var det dags for jakt på Bjåstad, vi såg kolle og kalv lågt i Bjåstadlia og bestemte oss for å prøve på desse. Trygve gjekk opp over fossen i Bjåstadelva, Tormod gjekk til overspranget i spissen av granane og Ivarfabro gjekk til overspranget ved posen. Etter at dei var på plass starta Ove nede på Bjåstad like ved brua. Ove gjekk opp og fram og fekk dyra på føtene, desse forsvann i retning mot postarane men noko smell kom ikkje, Ove gjekk difor høgre i lia og fram mot overspranget over fossen, også dette resultatlaust, no gjekk Ove nedover mot granane men noko dyr kom heller ikkje då fram til dei som posterte, altså hadde dyra lurt oss endå ei gong.

Då Trygve gjekk opp for å postere over fossen hadde han sett at det gjekk 3 ferske far framover i retning Storali, no ville Trygve og Tormod prøve å sjå om dei kunne finne desse dyra. Trygve gjekk frå overspranget over fossen og i retning noko under Fjellhammaren medan Tormod gjekk opp og framover i retning Storali. Etter at Tormod hadde gått ei stund så spratt det opp ein bukk, Tormod fekk opp rifla men hadde kikkertbeskyttelsen på så det smalt ikkje med ei gong. Bukken trekte opp eit stykke og stoppa og dermed blei det eit bogskot på den og han datt nærast pladask. Dagen blei dermed vellukka sjølv om dei første dyra vi såg lurte oss trill rundt, men kva gjer vel det når det enda som det enda.

Tormod og 6-taggaren