[ Tilbake ]

Bukken frå Drepandeskrea 8 november

På onsdag såg Randi og Ove ein bukk oppe i Drepande, Ove prøvde seg på bukken men det skulle ikkje lukkast då bukken låg og sov, dette samt at det var umuleg å nærme seg den då stormen Dagmar hadde lagt ned alvorlege mengder trær lengre nede i terrenget. Ove prøvde difor kollelyd, bukkebrøl samt å skrike til den men den låg like godt så han måtte berre gi seg på den. To dagar etter var Ivarfabro komen for å vera med oss på hjortejakta,  Ove ville vise Ivarfabro kor bukken hadde lege to dagar før, og der låg bukken på same plassen! No ville dei gjere eit nytt forsøk på å få bukken og denne gangen vakna den og reiste seg opp og dermed smalt det. Bukken, ein 6-taggar, ikkje av dei største, kun 60 kg, men betre med ein på denne tyngda enn ingen bukk :) Ove kom seg opp til bukken og fekk vomma ut men før dei kunne få den ned måtte Ivarfabro nytte motorsag for å rydde ein sti som vi kunne ta bukken ned i. Dette tok litt tid men det gjekk, så var det å få frakta bukken ned til elva. Etter det ringte dei til Ingvard for å få hjelp til å frakte bukken det siste stykket ned på Neset, og som alltid kom Ingvar oss til unnsetning, han kom køyrande opp elva med traktoren, karane fekk bukken opp på gaflane og Ingvard frakta den ned på Neset der dyret vart skinna.

Ivarfabro og 6-taggaren