[ Tilbake ]

 Hovdalifjorkolle 19. oktober

Heile jaktlaget på jakt denne laurdagen, Asle og Trygve gjekk tidleg opp på Endrefjellet for å poste medan Ove og Tormod skulle starte noko seinare og jage mot postarane. Det tok ikkje meir enn ein knapp halvtime før Tormod såg eit einsleg dyr oppe mot Hovdali, dyret datt og ei lita fjorkolle vart resultatet. Etter at Tormod hadde vomma ut fortsette jaget, jagarane fekk fram ein bukk men denne går nok fortsatt oppe i fjellet. Etter dette prøvde ein å sjå etter fleire dyr, det gjorde vi og, vi såg 4 fleire men også desse lever fortstatt, inntil vidare :-)

Fjorkolla frå Hovdali