[ Tilbake ]

 Daurmålsbukk 27. september

Lang tids tørke i jakta men i kveld skulle det omsider lukkast igjen. Tormod og Ove reiste inn til Supphelledalen i ettermiddag og sette seg ut i terrenget, Ove på Neset og Tormod i Daurmåla nær badedammen ved merkjesgjerde mot Øygarden. I 19-tida kom det folk på Øygardsmarka for å jakte, dette medførte at Tormod flytta seg framover mot Beitabakken. Ikkje lenge etter at han hadde flytta seg og brukte kollelokking ei gong vart han obs på ei rørsle nokre meter lengre framme, der kom bukken ut av skogen og tok retning opp mot Beitabakken men då small det frå 30-06en til Tormod og bukken datt rett ned og vi hadde fått dyr nr. 2 for sesongen.

Tormod og bukken