[ Tilbake ]

 Gjellkolle i Ali 7. september

Første helga blei det mest ikkje jakta grunna ymse årsaker men den påfylgjande laurdagen ville vi prøve oss. Vi hadde sett nokre dyr i Beitabakkområdet, desse ville vi prøve oss på, noko vi og gjorde, men dette skulle ikkje lukkast. Etter det misslukka forsøket fann vi ut at vi kunne prøve oss i Ali. Tormod blei sendt til topps i granene medan Asle og Ove skulle jage dyra opp til han. Vi hadde ikkje jaga meir enn ca 20 minutt då det smalt. Ove hadde losa eit dyr som slett ikkje hadde tenkt seg opp til Tormod men derimot bortover mot Asle. Asle høyrde ein kvist knakk og trudde eit øyeblikk det var Ove som var komen over han oppe i terrenget, svært sannsynleg spør du Ove ;-) men så fekk han auge på eit einsleg dyr som hadde kurs rett mot han, dyret observerte han i ca 1 minutt før skotet gjekk, dermed datt kolla i bakken, eller rettare, flaug ho gjennom lufta og landa 10 meter lengre nede.

Asle med Aligjellkolla