[ Tilbake ]

 Tormodsplass bukk

På laurdag var Tormod og Ove inne i Supphelledalen, ut frå spora i nysnøen fann dei ut at det måtte stå dyr ein eller anna plass i Daurmåls-, Beitabakk området, men pga det kalde været valde dei å utsetje jakta til søndag, dette også for då kunne Asle vera med. Karane kom inn ca 10 på søndag og gjekk innom til Randi, ho fortalte at ho hadde sett ein bukk omtrent akkurat der Tormod og Ove meinte det måtte vera dyr dagen før. Dermed blei det til eit tradisjonelt opplegg for jakta, Tormod gjekk til plassen sin, Asle posterte ved Geitasteinane og Ove skulle jage frå marka i Daurmåla og framover. Det var beita på marka så Ove var temmeleg sikker på at det måtte vera fleire dyr der, men det kom ikkje noko dyr ut av skogen på flatane, så dermed gjekk/krabba han opp Beitabakken. Etter kvart såg Randi at Ove kom oppover mot hamralaget, men fortsatt låg bukken. Først då Ove var omlag 20-30 meter frå han røyste han seg opp og for opp til hamralaget og framover mot Tormod, dette rapporterte Randi om, sjølv såg jegerane ikkje noko av dette. Det gjekk no ei lita tid, så gjekk det eit skot og bukken ramla 50 meter nedover fjellsida og havna inn i noko bas som Dagmar hadde ordna til. Det skulle ta si tid å få han ut av dette men det gjekk til slutt. Asle kom no opp og tok bukken åleine nedover skrea, gjekk bra fort det, og så var det å få dyret over elva, noko som også gjekk fint.

Tormod held på å få seg ein skikkeleg seilas i dag då han i det brattaste trakka på eit isstrek, men han fekk akkurat tak i ei grein før han ville ha forsvunne nedover ein 150 meter, ikkje heilt farefritt å jakte i dette bratte terrenget.

Tormod og bukken vel nede i dalbotnen