[ Tilbake ]

 Ny bukk ved Vetleløa

Nesten fullmåne i kveld, dette blei for fristande for Ove så han tok turen åleine inn til Fjærland. Han var på plass ca 1/2 9, sendte nokre meldingar til dei andre i jaktlaget, så sette han seg og ikkje før hadde han gjort det så såg han at det kom eit dyr opp frå elva. Dyret hadde kurs rett mot Ove. Det gjekk ikkje meir enn eit par minuttar så var dyret kome på 50 meters hald og dermed var det gjort og jaktlaget hadde fått eit dyr til. Å vera åleine når ein skal vomme ut og slakte er ikkje nokon stas, men heldigvis kom Ingvard og hjelpte han. Då dyret skulle hengast opp kom også Asle køyrande så då gjekk resten som ein røyk.

Ove med bukken på Slåttao