[ Tilbake ]

 Kolle og kalv ved Bjåstadelva

Vi hadde tenkt å jage utover mot Merkjesskrea i dag, men problem med båtstransport, samt at jaktlaget utanfor oss hadde tenkt å jage inn mot same skrea i dag, gjorde at vi måtte skifte om på planane våre. Vi satsa derfor på å kikre opp dyr i Bjåstadlia og etter ein halv time såg vi (Tormod og Ove), kolle, kalv og bukk. Då var det å planlegge framdrifta på jaget. Ove meinte han måtte kome seg ein del over dyra, elles var han redd dei for rett til topps og ikkje framover mot elva der Tormod skulle postere. Etter ein time var Ove komen over dyra og fekk dei framover mot posten til Tormod. Då Ove var i underkant av 100 frå der karane hadde sett dyra, gjekk det eit skot framme i elva, Ove venta spent og etter nokre sekundar til gjekk det eit skot til, kom det endå eit skot mon tru? Nei, det blei med to, deretter kom Tormod inn på radioen og sa; "Detta gjekk omtrent slik me hadde planlagt men det blei med to, bukken fekk eg ikkje skote, han kom aldri ope ut mot meg". Men når sant skal seiast så er det i grunn meir enn nok med to dyr på to mann, vi kom oss akkurat ned att med dyra før mørket kom!

Tormod med kolle og kalv på Bjåstad