[ Tilbake ]

 Merkjesskreekolla 4. november 2012

Då var det dags til å prøve eit jag på Bjåstad og utover fjorden, Tormod og Ove blei skyssa av Johannes med båt ut til Merkjesgrovi. Tormod og Ove gjekk opp og posterte, medan Asle og Trygve jaga frå Besselva og ut fjorden. Det gjekk ei heil tid før Ove blei vâr eit dyr som hadde retning rett mot Tormod. Ove gav Tormod beskjed om at det kom eit einsleg dyr mot han, men det varte før ho kom. Blant anna klarte ho først å løyse ein stor stein som gjekk kast i kast ned mot Ove, steinen var ca ein meter lang, dette gjekk bra, steinen passerte Ove med 4-5 meter. Deretter blei kolla ståande i noko bas ei lita stund før ho kom ut i det opne mot Tormod. Dermed datt kolla, karane tok kolla heil nedatt til fjorden, der Johannes alt var på plass for å frakte dyr og jegerar inn att til Bjåstad. Flott jaktdag og eit vellukka jag!

Tormod med første dyret oppe i Merkjesgrovi på Bjåstad